utdanning i grøne verdiar

Ta gjerne kontakt med oss!



kontakt web. redaktørmailto:hustoft@hustoft.net?subject=Ang.%20Tveit.vgs.noshapeimage_5_link_0

Adresse: Tveit vidaregåande skule

           5560 Nedstrand

telefon nr: 52 77 48 50

faks nr: 52 77 48 60

Fagutdanning

Programområde Narurbruk gir deg mange ulike val. Tveit vidaregåande skule tilbyr fleire ulike fagutdanningar:


  1. -Hestefagarbeidar

  2. -Hovslagar

  3. -Anleggsgartner

  4. -Driftsoperatør idrettsanlegg

  5. -Agronom

Mange ulike yrke

Det er mange ulike stillingar du kan jobba innan med ei utdanning

frå Tveit vidaregåande skule. Dette er bare eksempler:

Dei fleste av desse jobbane kan du få rett etter Tveit vidaregåande.

Nokre krev tilleggsutdanning.


Agronom/gardbrukar

Sjølvstendig næringsdrivande gardbrukar gir deg ein god arbeidsplass der du styrer din eigen arbeidsdag og får jobba med dyr og natur.


Gartner/Anleggsgartner

Sjølvstendig næringsdrivande med eige gartneri/firma eller om arbeidstakar i eit større firma.


Avløysar

Det er stor etterspurnad etter avløysarar med fagutdanning. Ein avløysar deltek i, eller overtek, arbeidet på ein gard når gardbrukaren har fri. God deltidsjobb eller som fulltidsjobb på fleire ulike gardar.


Hestefagarbeidar

Sjølvstendig næringsdrivande med eige ridesenter/stall. Det er mange ulike praktiske og administrative oppgåver knytt til drifta av eit ridesenter og ein stall. Det er ein stor fordel å ha fagutdanning.


Hovslagar

Ein hovslagar arbeider med beskjæring og stell av hestens hovar. Framstilling og påsetting av hestesko.


Arbeid innan natur og forvaltning

Det finnes mange kommunar, etatar og organisasjonar som har arbeidarar innan natur og forvaltning.


Salgsmedarbeidar utstyr og produkter til landbruk, hest og gartneri

Arbeid i butikk, lager og distribusjon av produkter til landbruket, husdyrhold og gartnerinæringa. Ein stor fordel med kunnskap og utdanning innan fagområdet.


Skogsarbeidar/skogsoperatør

Arbeid med skogshogst, planting og stell. 


Produksjonsarbeidar

Innan industri og produksjon er det behov for arbeidstakarar med ulike yrkesutdanningar som kan jobba sjølvstendig.


Maskinførar.

På Tveit vgs. kan du ta maskinførarkurs som etter 40 timar praktisk kjøring gir deg høve til å ta maskinførarbevis på m.a. gravemaskin, hjullastar og dumper.

Studiekompetanse

VG3 Studieførebuande for Naturbruk gir deg generell studiekompetanse slik at du kan studera på dei aller fleste høgskular og universitet.


Å ta generell studiekompetanse på Tveit har mange fordeler. Sjølv om du vel å ta utdanning innan andre fagområder etter åra på Tveit, vil du alltid ha bruk for dei grunnleggande grønne verdiane.

sjå fleire yrker på naturbruk.nohttp://www.naturbruk.no