Fordjupning i dine interesser

Ta gjerne kontakt med oss!



kontakt web. redaktørmailto:hustoft@hustoft.net?subject=Ang.%20Tveit.vgs.noshapeimage_4_link_0

Adresse: Tveit vidaregåande skule

           5560 Nedstrand

telefon nr: 52 77 48 50

faks nr: 52 77 48 60

 
Prosjekt til fordjupning på Vg1

Ein dag i veka er timeplanen på vg1 sett av til fordjupning slik at du kan fylla den med det du vil læra meir om. Prosjekt fordjupning gir deg eit høve til å prøva deg innan eit fagområde du ynskjer å læra meir om, eller lurer på om passar for deg. Tveit tilbyr fordjupning innan fleire ulike fagfelt.

Du vel fagområde for fordjupning når du kjem til Tveit.

I prosjekt fordjupning kan du velja (6 timar pr veke):


  1. -Landbruk

Lær meir om ulike arbeidsoppgåver på eit gardsbruk. Ei god fordjupning for deg om tenkjer å driva gard, eller jobba innan landbruket.


  1. -Anleggsgartner

Du får prøva deg på nyanlegg og drift av eksisterande anlegg. Ei fin fordjupning for deg som vurderer å søkja deg til anleggsgartnerutdanninga.


  1. -Skogbruk

Innføring i skogsarbeid og naudsynt utstyr. Praktisk arbeid i skogen med m.a. planting, ungskogpleie og hogst.


  1. -Utmark

Ressursene i utmarka har igjen auka i verdi. I prosjekt fordjupning utmark får du innføring i bruk av utmark og kulturlandskap i fritid og næring.


  1. -Hund

Du får ei innføring i foring, stell og trening av hund.


  1. -Hest: Kjøring med hest og vogn

Innføring i kjøring  med hest og vogn. Bruk av ulike selar og vogner. Stell og håndtering av hest inngår i faget.


- Hest: Hobbyhest/horsemanship

Grunnleggande bruk og håndtering av hest.  Gir auka forståing og komunikasjon mellom hest og eigar/rytter.


  1. -Hest: Sprang og konkuranseridning

Instruksjon i sprang. Det er også mogleg å delta i konkuransar for dei som har interesse og ferdigheter.  For å velja fordjupning i sprang må du ha med egen hest til Tveit.


  1. -Akvakultur

Tenkjer du ei utdanning innan akvakultur, eller ynskjer du ekstra kunnskap for å jobba innan havbruk? Med ein grunnleggande kunnskap om havbruk vil du lettare få fast-, sesong- eller deltidsjobb innan akvakultur



Med atterhald om nok interesserte innan dei ulike fordjupningane.